Exilva-prosjektet er ein del av Borregaard si satsing på mikrofibrillert cellulose (MFC), og Exilva MFC blir produsert ved flaggskipfabrikken i Sarpsborg. Gjennom eit Horizon 2020-prosjekt i EU har NORSUS brukt livsløpsanalyse (LCA) som eit verktøy for å vurdere dei sosiale og miljømessige egenskapane til mikrofibrillert cellulose og til produkta der Exilva MFC blir brukt som tilsatsstoff. MFC er eit allsidig materiale som kan brukast i ei rekke produkt, og det kan forbetre egenskapar som flyt (reologi), overflateareal og vannlagring.
Analysar av klimagassutslepp frå vogge til grav for produkt med og utan MFC viser at ein kan få lågare belastning ved å tilsette MFC i produkta. Dei reduserte utsleppa skjer hovedsakleg fordi ein kan bruke mindre og andre typar kjemikaliar i produkta, og at ein kan erstatte noko av kjemikaliemengda med vatn. Dette vil føre til reduserte utslepp gjennom heile verdikjeda, og særlig for transport.
Rapportane frå EU-prosjektet er konfidensielle, men foreløpige resultat vart presentert av Ingunn Saur Modahl og Ellen Soldal på ein konferanse i Wisconsin i 2018 . Ingunn presenterte resultat for MFC brukt i fleire ulike produkt , mens Ellen fokuserte på bruk av MFC i drikkekartong.
Gjennom prosjektet har NORSUS også publisert fire datasett med livsløpsinformasjon i offentleg tilgjengelege databasar. Generelt er det få LCA-data som er tilgjengeleg gratis, og fram til no har ingen LCA-data for mikrofibrillert cellulose vore å få tak i. Difor er det eit framskritt for LCA-samfunnet å få tilgang til åpent tilgjengelege LCA-data for MFC. Dette vil gjere det muleg for LCA-utøvarar å lage egne modellar av produktsystem som inneheld MFC, noko som kan vere nyttig for forsking og produktutvikling. Forhåpentlegvis kan dette føre til reduserte miljøbelastningar for fleire produkt.
Det EU-finansierte Exilvaprosjektet starta i mai 2016 og vart avslutta i april 2020, og det kan finnast som avtale nr. 709746 i Bio Based Industries Joint Undertaking under EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horizon 2020.