Målet med dette prosjektet har vore å utvikle og demonstrere CLC-teknologi (kjemisk sirkulasjonsforbrenning) for fast avfallsbrensel. Dette er ein relativt ny teknologi for produksjon av kraft og varme frå avfall, og resultatet er i tillegg ein konsentrert straum av CO2 som kan transporterast og lagrast (CCS), eller brukast vidare (CCU). NORSUS har gitt innspel til utviklingsprosessen og dokumentert dei miljømessige effektane for forretningsalternativa som vart utvikla. NORSUS har gjenomført LCA-studiar på to CCS- og to CCU-kjeder, i tillegg til å lage LCA for fleire foreløpige alternativ på tidlegare stadium av prosjektet.
For CCS-system og klima er konklusjonane:
- Byrder frå transport av CO2 med skip og i rør, og frå lagring, bidrar lite.
- Utslepp frå landbasert transport kan derimot påverke resultata.
For CCU-systems spelar energibruk for å produsere hydrogen (trengs for å omforme CO2 til brensel/kjemikaliar) ei viktig rolle. Studien viser at:
- I dagens energimarknad vil lagring av den fanga CO2-en saman med konvensjonell produksjon av brensel/kjemikaliar gi lågare klimabelastning enn å produsere brensel/kjemikaliar frå CO2 (CCU).
- Så lenge fornybar elektrisitet kan erstatte fossil-produsert elektrisitet andre plassar i nettet, er dette betre enn å bruke fornybar elektrisitet til å produsere brensel/kjemikaliar frå CO2 (CCU).

