Podkast om elektrisitetsproduksjon og miljø

Kva er mest klima- og miljøvennleg av vasskraft, vindkraft og solkraft? Og bør ein bruke fleire indikatorar enn klima når ein samanliknar? Forskningssjef Hanne Lerche Raadal og seniorforskar Ingunn Saur Modahl har vore på besøk i podkasten Fornybaren

Her fortel dei om fallgruver, smarte tiltak og kvifor norsk vasskraft har så låg klimabelastning samanlikna med vasskraft i mange andre land.