NORSUS i styret for CCUS Norge / CCUS Norway

Seniorforskar Ingunn Saur Modahl har sagt ja til å sitte i styret for den nyoppretta foreninga CCUS Norge –  Norsk forening for miljø- og ressurseffektiv fangst, bruk og lagring av CO2.

CCUS Norge ein ikkje-kommersiell medlemsorganisasjon, og målet er å bygge kompetanse og dele erfaringar om miljø- og ressurseffektiv fangst, bruk og lagring av CO2. Foreninga er vitenskapleg orientert, og skal bidra til eit bedre klima og grønne arbeidsplassar. CCUS Norge skal kartlegge og sette i verk felles prosjekt, og fungere som eit nasjonalt kompetansesenter for CCS/CCUS. Medlemskap er åpent for alle og er spesielt retta mot industribedrifter, teknologileverandørar, rådgivarar og konsulentar, forskningsbedrifter og akademia. Stiftarane av foreninga er Borregaard, FREVAR, Kvitebjørn Bio-El, IFE, Østfold Energi, NORSUS, Sarpsborg Avfallsenergi, Biobe, Borg Havn og Stormkast Utvikling, og det første styremøtet vart gjennomført mandag 16. august 2021.