NORSUS har utvikla 19 nye EPD-ar for Borregaard

EPD-ane dokumenterer korleis Borregaard har forbetra miljøprestasjonen til produkta sine ved Sarpsborg-anlegget sidan den forrige analysen.

Borregaard har aktivitet i 13 land i Europa, Asia og Amerika. På bioraffineriet i Sarpsborg blir det produsert eit breitt spekter av trebaserte biokjemikaliar til bruk i ei rekke sluttprodukt og sektorar.

For stadig å kunne forbetre miljøprestasjonen til produkta sine, ønsker Borregaard å forstå korleis råvarer, energibruk og prosessering påverkar belastningane.

NORSUS har bidratt til dette ved å bruke livsløpsmetodikk (LCA) for å modellere og analysere alle produkta frå Sarpsborg-anlegget. I samband med dette har NORSUS utvikla 19 miljødeklarasjonar (EPD-ar), for til saman 22 Borregaard-produkt.

Gjennom EPD-ar kan verksemder kommunisere miljøprestasjonen til produkta sine på ein tydeleg måte. Livsløpsmetodikk står sentralt i utviklinga av ein EPD, og deklarasjonane er standardiserte og verifiserte av ein uavhengig tredjepart.

Analysen NORSUS har gjort for Borregaard bygger vidare på tidlegare studiar, der LCA-modellen er utvikla til å bli stadig meir omfattande og nøyaktig. Den siste oppdateringa vart gjennomført mellom mai 2025 og juni 2026, og er basert på driftsdata for 2024.

Vurderingane viser at resultata for dei fleste indikatorar og produkt har vorte betre samanlikna med den forrige analysen (2019/2022).

Det vart gjennomført sensitivitetsanalysar for å undersøke korleis klimabelastningane varierer med aukande andel fornybar energi i den interne dampmiksen. På liknande måte vart påverknaden frå innkjøpte kjemikaliar og råvarer undersøkt.

Belastningar frå kjemikaliar og råvarer er av dei viktigaste bidraga til miljøpåverking for Borregaard sine produkt. NORSUS tilrår at Borregård fortset med å forbetre datakvaliteten og samarbeidet med leverandørane for å redusere desse belastningane.

Her finn du dei nye EPD-ane