Siste fullstendige oppdatering av livsløpsmodellen var i 2016, da det vart lagt spesiell vekt på energimiksen i dampsystemet hos Borregaard og detaljering av ligninfabrikken. Dei siste åra er det gjort fleire endringar ved bioraffineriet, og Borregaard ønsker å vidareføre EPDane som går ut i 2021. I dette prosjektet skal difor alle data oppdaterast og det skal lagast nye EPDar, denne gongen også for saltsyre. Parallelt med dette arbeidet ønsker Borregaard å få utvikla EPDar av flytande og tørr lignin frå fabrikken i USA. I samband med dette skal Østfoldforskning bygge opp ein LCA-modell frå botn av.