PROJECT

Project leader

Ingunn Saur Modahl

Duration

01/04/2020 -

31/12/2021

Funder

Borregaard AS

LCA og EPD Borregaard Sarpsborg

Borregaard Sarpsborg har EPDar for seks av produkta sine. EPDane er basert på ei detaljert kartlegging av heile fabrikkområdet og ein modell som Østfoldforskning har utvikla gjennom mange år. Modellarbeidet vart starta i 2008 med kun klima som indikator og utvida med fleire indikatorar i 2009. I åra etter har det vorte utvikla EPDar for cellulose, 96% etanol, 99% etanol, flytande og tørr lignin, og vanillin. 

Siste fullstendige oppdatering av livsløpsmodellen var i 2016, da det vart lagt spesiell vekt på energimiksen i dampsystemet hos Borregaard og detaljering av ligninfabrikken. Dei siste åra er det gjort fleire endringar ved bioraffineriet, og Borregaard ønsker å vidareføre EPDane som går ut i 2021. I dette prosjektet skal difor alle data oppdaterast og det skal lagast nye EPDar, denne gongen også for saltsyre. Parallelt med dette arbeidet ønsker Borregaard å få utvikla EPDar av flytande og tørr lignin frå fabrikken i USA. I samband med dette skal Østfoldforskning bygge opp ein LCA-modell frå botn av.