Data for Exilva mikrofibrillert cellulose er publisert i LCA-databasar

Exilva blir produsert ved Borregaard sin flaggskipfabrikk for mikrofibrillær cellulose (MFC) i Sarpsborg. Gjennom eit Horizon 2020-prosjekt i EU har Østfoldforskning brukt livsløpsanalyse (LCA) som eit verktøy for å vurdere dei miljømessige egenskapane til Exilva mikrofibrillert cellulose. I samband med dette har fire datasett med livsløpsinformasjon vorte publisert i to offentleg tilgjengelege databasar 

Generelt er det få LCA-data som er tilgjengeleg gratis, og fram til no har ingen LCA-data for mikrofibrillert cellulose vore tilgjengeleg. Difor er det eit framskritt for LCA-samfunnet å få tilgang til åpent tilgjengelege LCA-data for MFC. Dette vil gjere det muleg for LCA-utøvarar å lage egne modellar av produktsystem som inneheld MFC, noko som kan vere nyttig for forsking og produktutvikling. Forhåpentlegvis kan dette føre til produktutvikling og reduserte miljøbelastningar for fleire produkt.   

 

Dei fire publiserte datasetta er for Exilva Forte og Exilva Piano, begge som 2% dispersjon og 10% pasta. 

Datasetta er publisert i databasane The Life Cycle Data Network (LCDN) og i Global LCA data network (GLAD). LCDN fungerer som eit nettverk med uavhengige nodar, og vart oppretta av EU for å legge til rette for deling av LCA-data mellom forskingsinstitutt, konsulentar og industri. Systemet har strenge kvalitetskrav. GLADsystemet er eit initiativ frå FN sitt miljøprogram. 

Østfoldforskning blir forplikta til å publisere fleire av datasetta sine framover og har, saman med Norges miljø– og biovitenskapelige universitet (NMBU), etablert NorEnviro senter. NorEnviro har tatt initiativ til å etablere ein nasjonal infrastruktur for forvalting og deling av miljø- og ressursdata for norske forhold. Som ein del av aktivitetane til NorEnviro er det etablert ein node som er knytta til både LCDN and GLAD. Dei fire datasetta for Exilva MFC er lasta opp i denne noden.   

Meir informasjon og nedlasting av livsløpsinventaret finn du her (på https://norsus.no/how-to-download-the-lca-data-from-the-norenviro-node/engelsk). Lenker til datasetta kan du også finne på Borregaard si Exilvaside.