Bruk av fanga CO2 – kva er effekten for klima og ressursbruk?

CCU-rapport

I denne litteraturstudien har seniorforskarane Ingunn Saur Modahl og Hanne Lerche Raadal undersøkt miljøeffektane av ulike ruter for karbonfangst og -bruk (CCU). Arbeidet viser at CCU-system der CO2 blir mineralisert (fanga som eit mineral) og erstattar sement har best klimaprofil, og at desse systema gir betre klimaresultat enn system der CO2 berre blir lagra (CCS).

Direkte bruk av fanga CO2, for eksempel til drivhus, har også bra klimaprestasjon. For system som bruker fanga CO2 for å produsere brensel og kjemikaliar er derimot konklusjonane svært avhengig av føresetnadane. Hovedutfordringa for desse systema er at dei treng store mengder elektrisitet for å omforme fanga CO2. Studien viser at produksjon av CCU-brensel eller -kjemikaliar kan vere ein smart mate å omforme og lagre fornybar kraft på i situasjonar med ‘innestengt elektrisitet’, for eksempel for regionar med kraftoverskot og manglande kapasitet i overføringsnettet, eller i framtida når fossile energikjelder ikkje blir brukt til elektrisitetsproduksjon lenger, og den fornybare krafta dermed ikkje kan erstatte fossilbasert elektrisitet uansett. I alle andre situasjoner bør den elektrisiteten som krevst for å omforme CO2 til brensel eller kjemikaliar heller brukast til å erstatte fossilbasert elektrisitet.

Studien har fokusert på å finne pålitelege og kvalitetssikra livsløpsbaserte resultat for klimabelastning og ressursbruk. NORSUS har lagt vekt på å bruke litteratur med anbefalt metodikk når det gjeld systemgrenser, bruk av utvida systemgrenser for å løyse fleir-funksjonalitet og som samanliknar resultata med eit referansesystem.

Forskarane har hatt som mål å lage eit faktagrunnlag, sidan dette temaet i mange tilfelle er debattert, og håper at studien kan gi innspel til framtidig forsking og politiske prioriteringar til beste for klima og ressursbruk. Les heile rapporten her

Denne rapporten er ein leveranse i prosjektet ‘CCUS Verdiskapingspotensialet – næringsutvikling og innovasjon’ for CCUS Norge på oppdrag for tidlegare Viken fylkeskommune.